|
Feltritt, ”ridesportens formel 1”
Det vert ofte sagt at feltritt er ridesportens formel 1. Dette fordi feltritt består av 3 greiner: dressur, sprang og utholdenheit.
Konkuransen kan arrangerast som:
Ein dags feltritt: Då gjennomfører ein dressurprøve, sprang på bane og terrengritt, som utholdenheit, på same dag.

To/tre dagars feltritt Då vert dei forskjellige disiplinane strekt over fleire dagar. Utholdenheitsprøven inneheld då også distanseritt i tillegg til terrengritt.
Som du ser så stiller feltritt store krav til teknikk, styrke og utholdenheit til både hest og ryttar.
I tillegg til rideøvelsane så inneheld eit feltrittstevne òg kontroll av helsetilstanden til hesten. Denne kontrollen vert føreteken av veterinær, eller annan hestekunnig person, etter sprandgprøven, men før utholdenheitsprøven.
Knøttecupen vert arrangert som eit ein dags feltrittstevne.Eit slikt stevne har som føremål å lære hestar og ryttarar feltrittskonkuransen sine tre delprøvar, dressur, sprang på bane og terrengritt med hinder. Eit ein dags feltritt skal førebu ekvipasjen sin tekniske dyktigheit og utvikle hesten sitt mot og sprangferdigheit. Knøttecupen skal førebu ekvipasjen på å kunne delta i ordinære feltrittstevner.
Dressurdelen
Dressurprogramet som skal ris i knøttecup er LC:1 NRYF 1999 (20x40) eller SRC Debutant 2001 T 4-3 (20x60) Kva program som gjeld for stevnet går fram av proposisjonane.
I feltritt vinn den ekvipasjen med ferrast feilpoeng. Oppnådd dressurpoeng vert difor rekna om etter eigen formel. Meir om dette finn du i KRV §551 – Resultatberekning.
Sprangdelen
Sprangbana skal bestå av 7-8 hinder, med ein maksimumshøgde på 60 cm. Ridevegane skal vere einkle og kombinasjonar skal ikkje førekomme.
Under ein dags feltritt skal deltakaren melde seg klar for gjennomføring av sprangprøven, for oppnemt funksjonær, seinast 30 min. etter avslutta dressurprøve.
Feilpoenga i sprangprøven vert lagt til feilpoeng i dressurprøven.
Utholdenheitsprøven – terrengdelen
Terrengdelen vert gjennomført til slutt. Høgden på hindera i terrenget er max 60 cm. Det kan vere opp til 12 hinder i terrenget og banelengda skal vere minimum 1000 m og maksimalt 1200 m. Tempoet i terrenget skal vere 350 m/min. Hindera i terrenget skal vere faste hinder som er einkle og innbydande. Sjølv om hindera skal vere einkle, skal terrengbana vere variert slik at ekvipasjen får trening og erfaring med ulike hindertypar som vatn, lita grøft, nedhopp, opphopp osv. Alle hinder skal merkast med nummer og raudt flagg til høgre og kvitt til venstre. Dette viser då frå kva side hinderet skal forserast, men det er opp til ryttaren sjølv å velje ridevegen inn til hinderet.
Terrengbana skal visast i god tid før konkuransen, slik at ryttarane har høve til å gå bana fleire gonger før dei skal ut i denne, for å vere best mogeleg førebudd på kva som ventar i terrenget.
Det er ikkje lov å ri med klokke i terrengdelen. Målet er at den einkelte ryttar skal ri ein jamn og rytmisk runde utan å bli styrt av klokka. Det å ha følelse for rett tempo kjem som eit resultat av øvelse og erfaring.
Feilpoenga i terrengdelen vert lagt til dei andre feilpoenga og den ekvipasjen som samla har ferrast feilpoeng har vunne konkuransen.
Kontroll av hesten sin helsetilstand
Denne kontrollen skal føregå etter sprangprøven, men før terrengdelen. I knøttecup er det ikkje krav om veterinær, men av ein hestekunnig person.
Under denne kontrollen skal ryttaren mønstre hesten etter eit reglement. I skritt, trav, skritt, vending og trav.
Hestar som viser tegn til haltheit, sjukdom eller manglande kondisjon skal eliminerast. (Då vert ein nekta vidare start i konkuransen, og ekvipasjen er dikvalifisert.)
Grønt kort og Medical Card skal alltid vere med til ein dags feltritt.
Dersom du ynskjer å prøve feltritt så må du førebu deg godt. Vi tilrår difor at du skaffar deg NRYF sitt hefte med DVD, Knøttecup – feltritt. Dette er ein einkel og god innføring feltrittsporten sine spesielle utfordringar og gleder.
Skal du meistre feltritt er det viktig at du trenar jamt og godt i alle disiplinar i ridesporten. Vi oppfordrar difor at du er aktivt med på treningar og kurs som vert arrangert i klubben.
Feltritt: 3 gonger så mykje og 3. gonger så moro.
Noregs Ryttarforbund sine nyhende og dagaktuell informasjon om feltritt finn du her.
Dersom du er interessert i feltritt kan du ta kontakt med oss:
Karin Møller, e-post:hotcakes@hotmail.com
|