FRAMSIDE ¦ DRESSUR ¦ FELT¦ KØYRING ¦ SPRANG ¦ TURRIDING

TERMINLISTE

OM KLUBBEN

SOGN RIDEHALL AS

KLUBBUTSTYR

MEDLEMSSKAP

MEDLEMSSIDER

BILETE/ARKIV

LENKE

KONTAKT OSS

 

Medlemskap 2010
Medlemskap må betalast innan 15.februar, ellers vil du få opphald i utlevering av Hestesport. Sjå her.

No er det mogleg å ta Grønt Kort
SKRK arrangerar kurs for Grønt Kort. Alle som treng eller kjem til å trenge ryttarlisens framover bør vere med, då Grønt Kort er ein føresetnad for dette. Kurset består av tre delar, og desse kan takast uavhengig av kvarandre. Første del, eit reglementskurs, vert arrangert torsdag 4.februar kl. 18.00 (varer omlag tre timar) i brakkebygget ved ridehallen. Prisen er 300 kr for SKRK-mdl., 350 kr for andre. Påmelding snarast og seinast innan 25/1 (grunna bestilling av materiale) til rikmow@hotmail.com
Informasjonsskriv finn du her. Les også meir på NRYF sine sider her.

Tid for å betale halleige for 2010
Det er tid for å betale halleige. Oppdatert informasjon om prisar samt betingelsane for bruk av hallen finn du her. Betalingsfrist er 15.01.2010.

Til alle som rir og køyrer på Kaupanger
SKRK ber på det sterkaste alle sine medlemmer og andre som har hest om å ta hensyn til dei preparerte skiløypene i lysløypeanlegget på Kaupanger - IKKJE RI I DETTE OMRÅDET NÅR DET ER SNØ OG SKIFØRE! Når løypene blir øydelagt av hestespor og møkk øydelegg dette for dei som bruker skiløypene, og vi risikerer at heile området blir stengt for hest året rundt. Det er kun skiføre nokre få veker hvart år, så vi oppfordrer alle som ferdast med hest til å benytte andre området denne tida - det er nok av terreng å ta av!

Interessert i hestekunnskapskurs?
Jøkull vurderer å få til Hestekunnskapskurs 1 og 2 til hausten eller evt. i 2011. Dette er kurs som er godkjende av Mattilsynet. Vanlegvis må kurset takast på Starum, men Norsk Islandshestforening arrangerer kurset lokalt. Instruktør er Erik Andersen, instruktør innan riding i NIHF og på Starum. Det må vere minst 12 deltakarar for at dette skal bli arrangert, og prisen er 3000 kr for ei langhelg. Ta kontakt med Hilde Valland om du er interessert.

Gi støtte til SKRK når du tippar!
No kan du støtte klubben når du tippar - opp til 5% av det du tippar for kan nemleg gå til eit registrert lag/organisasjon. Du kan lese meir på www.norsk-tipping.no. Meir informasjon finn du her. For ein liten klubb som SKRK er kvar støttespelar viktig!

 

Planlagde SKRK-aktivitetar framover

Dato

Aktivitet

4.februar

Kurs for grønt kort - pm. 25/1

5.-7.mars

Kurs med Bjørn Johannsen - pm. 28/2

Med forbehold om feil              pm=påmeldingsfrist  

Ridehallen er oppteken følgande datoar

Dato Informasjon

Kontakt

17.-18.april Kurs

Jøkull

I partalsveker: måndagar t.o.m 14/6 19.00-22.00

Hundeklubben

29/1 ettermiddag/kveld
30/1 hele dagen
31/1 morgen/formiddag

Dressurtrening

SKRK

Følg med på både våre, kretsen og dei andre klubbane sine nettsider - endringar skjer fort! Mykje informasjon blir sendt ut på mail. Viss du vil motta slike mailar, send adressa di til Rikke eller Maria i styret.

STØTTESPELARAR

 

skrk.no © 2006